Kaupanger er ein liten stad med overraskande store opplevingar, midt i hjartet av Sogn. Her kan du starte dagen med eit besøk i Fjordmuseet på ferjekaia og lære om gamle båttradisjonar og livet på fjorden. I gangavstand ligg Kaupanger stavkyrkje, ei av dei eldste stavkyrkjene i landet, og kjenne historia sitje i veggane. Like ved finn du Kaupanger Hovedgård, med røter tilbake til eldre bronselalder. Midt mellom Kaupanger og Sogndal ligg De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, der du kan vandre gjennom levande kulturhistorie ute og inne.
Naturinteresserte har rikeleg å glede seg over: Kaupanger er omkransa av fjord, fjell og frodig skog, med turstiar som passar både korte rusleturar og lengre fjellturar med utsikt over Sognefjorden. På varme dagar kan du ta eit forfriskande bad i fjorden eller finne ei roleg vik for avslapping.
Kaupanger er òg eit perfekt utgangspunkt for å utforske resten av Sogn, med kort veg til kjende attraksjonar som Urnes stavkyrkje og Nærøyfjorden. Enten du vil oppleve kultur, natur eller berre nyte roen, er Kaupanger ein liten base med store moglegheiter.




