Vandrarheimen opnar for overnatting frå 4. mai. 2026
I vandrarheimen har vi fem rom, der to er med dobbeltseng, mens dei resterande tre er enkeltrom. Vandrarheimen ligg på to plan, der romma ligg i andre etasje. Her er det òg felles opphaldsrom, med sofa og eit lite bibliotek. Det er felles toalett og bad på gangen. Det finn de både i første og andre etasje. I første etasje er det stort felleskjøkken.
Inkludert er sengetøy, håndkle og vask av rommet. Bruk av vaskemaskin og tørketrommel er gratis. Vi ber om at de legg brukt sengetøy i vaskekurv før de forlet vandrarheimen.
Bygget er diverre ikkje universelt utforma.
Vi leigar òg ut stor og romsleg leilegheit i den freda låven til Kaupanger Hovedgård. Her er det fire soverom, romsleg stove og stort kjøkken og spisestove. Leilegheita ligg i idylliske omgjevnadar, med utsikt til Kaupanger Hovedgård og Kaupanger stavkyrkje som næraste nabo.
Frå sommaren 2026 er det òg mogleg å leige nyoppussa leilegheit i det same bygget som vandrarheimen. Her er det fire soverom (to doble og to enkle), to bad, der eit er nyoppussa og stor stue.
Booking av rom finn de under fanane "Bestille rom i vandrarheimen" og «Ferieleilegheiter»
OM FERJEKAIA VANDRARHEIM OG FERIELEILEGHEITER
Ferjekaia Vandrarheim og ferieleilegheiter er eit samarbeid mellom tradisjon og nyskaping. Vandrarheimen er eigd i fellesskap av Kaupanger Hovedgård og Knaken, to verksemder med eit felles engasjement for kultur, vertskap og gode opplevingar.
Kaupanger Hovedgård er ei av dei eldste verksemdene i Sogn og Fjordane, med røter heilt tilbake til 1710. Gjennom generasjonar har garden vore ein sentral del av lokalsamfunnet, med stolte tradisjonar knytt til historie, næringsverksemd og formidling.
Knaken er ei lita, familiedriven verksemd med hjarte for mat, møte og kulturformidling. Med eit nært forhold til staden og menneska, ønskjer dei å skape varme og ekte opplevingar for dei som kjem på besøk.
Saman har vi skapt Ferjekaia Vandrarheim og ferieleiligheiter, ein stad der historie og gjestfridom går hand i hand, og der du som gjest skal kjenne deg både velkomen og heime.
OM HUSET PÅ FERJEKAIA
Ein gong var huset midtpunktet i Kaupanger, reist i ei tid då framtidstrua var sterk og dørene stod opne. Her fann folk først vegen innom til ein kaffikopp i kafeen, seinare vart det eit ærend i matbutikken, eller kanskje eit brev på posten eller eit møte i banken.


Små og store kvardagar utspelte seg mellom desse veggane, og latter, prat og liv fylte romma. I vindauga stod varer som freista, og på benkane utanfor samla folk seg i sola. Her vart nyheiter delte, planar lagde og relasjonar knytte. Huset var eit samlingspunkt, eit lite sentrum i seg sjølv.
No står huset framfor ei ny tid, men historia sit framleis i veggane. Med varsam hand og respekt for det som har vore, har det få nytt liv som vandrarheim og ferieleilegheit. Dørene er opna, enten du er på gjennomreise eller vil stogge litt lenger.
Slik held huset fram, ikkje berre som eit minne frå ei svunnen tid, men som ein levande stad der fortid og framtid møtest.

